Påmeldingen er åpen!
"Leseferdigheiten går ned - kva gjer me nå?"
Unni Fuglestad
Unni Fuglestad er universitetslektor i lesevitskap ved Nasjonalt lesesenter, Universitetet i Stavanger. Ho har undervisningserfaring frå ungdomsskule, og er spesielt oppteken av lesing i fag og lesing som del av meiningsfulle læringsløp. Ho har vore medforfattar av bøker om God leseplanlegging og God undervisningsplanlegging. Som leiar for samfunnskontakt koordinerer ho Nasjonalt lesesenter sine samarbeid med skular, barnehagar og kommunar, og har sjølv arbeidd med ei rekke utviklingsprosjekt.
Om kurset
Å kunne lese er viktigare enn nokon gong. Lesing er demokratisk beredskap, lesing er grunnlag for kritisk refleksjon, lesing er livsmeistring. Alle er einige i at lesing er avgjerande for læring i fag, men likevel ser me at leseferdigheita og leseinteressa til norske elevar har gått nedover. Så kva gjer me nå? Etter å ha presentert trendar i lesinga til norske elevar og kvifor lesing er så avgjerande i livet vil eg gå inn på kva skular og lærarar kan gjere for å skape eit leseløft. Eit sentralt bodskap er at lesing tar tid. Og me må finna tid for å ha tid. Målgruppe: grunnskule